Slaget på Krigsneset

Neset på Nyke heite Krigsneset. Sagnet veit å fortelle at i gamle dager sto eit slag på Krigsneset, og derav namnet.
Hovdenkarene hadde blitt sinna på nykvågingane, kva det nå var for, og så manna dei seg op, for til Nyke og skulle gjere opp med dei. Og dei på Nyke og Nykvågen var ikkje snauare, dei stilte opp og tok imot dei på Krigsneset, og der bare det i hop.
Det var hardbalne karar på begge sider, og det var ikkje spara på harde hogg og tunge slag.
Lege var det uvisst kven som kom til å vinne i denne bardagen, men sistpå hadde hovdenkarane mista så mange mann at måtte dra seg attende. Dei tok då på rømma nord over Nykraen. Men nykekarane fylgte etter dei heilt til Grindavika. Der snudde dei om og for heimatt. Dei tykte då dei hadde gjort eit godt dagsverk.
Både på Krigsneset og på Nykraen er mange gamle gravhaugar. Men dei er kanskje frå lenger att i tida.
På Krigsnesett låg også ein haug dei kalla Tinghaugen.

Kilde: Bø bygdebok

Unless otherwise stated, the content of this page is licensed under Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 License